|
|
 |
Ålhus Kyrkje
Ålhus kyrkje er ei tømmerkyrkje, bygd i 1795 etter at den gamle stavkyrkja blei riven same året. Mykje av inventaret har vore i bruk i begge kyrkjene, bl.a. alteret og altertavla. Alteret er oppbygd av kleberstein og truleg frå katolsk tid, medan altertavla er frå 1691. I våpenhuset heng den døra som etter segna skal vere komen frå Audun Hugleikson si borg. På kyrkjegarden finn ein grava til Nikolai Astrup. |

Helgheim kyrkje
Helgheim kyrkje er ei tømmerkyrkje frå 1877, bygd på staden gamlekyrkja på Helgheim stod. Utvendig er kyrkja i nyrenesanse stil, medan ho har eit meir monumentalt romansk preg inne. |
|
|
 |