NorskGermanEnglish
Astruptunet
Astruptunet var målaren og grafikaren Nikolai Astrup (1880 - 1928) sin heim dei siste 14 åra han levde, og du finn det slik det var då Astrup budde der. Løa blei riven og bygd opp att til eit galleri, men med same utsjånad som den gamle løa. Galleriet inneheld faste utstillingar av Astrupkunst som måleri, grafikk, tresnittplater og skisser. Dei aller fleste motiva hans er henta frå Jølster, og Nikolai Astrup er i ettertid blitt ståande som ein av dei norskaste av dei nasjonale kunstnarane våre.

Astruptunet


Jølstramuseet
Dette private museet består av eit tun frå 1600-talet med 13 gamle hus og ei samling på over 3 000 gjenstandar frå fjern og nær fortid. Museet har også eit kunstgalleri og ei salsutstilling med faste lokale utstillarar som t.d. Ludvig Eikaas og Oddvar Torsheim.

Jølstramuseet

Fjord Norway
Zet.no AS Jølster Reiseliv og Service - Postboks 3 - N-6841 Skei i Jølster - E-post: post@jolster.com