
Vassenden ca. 1924
|

Skei sentrum, tidlig 1900-talet
|
Historie
Jølster si historie går langt tilbake i tid, men første gong Jølster blir nemnd i historien er i samanheng med Audun Hugleiksson frå Ålhus som var Noreg sin «finansminister» på slutten av 1200-talet. Han blei tatt opp i kongen sitt råd i 1289 og var medlem der til han blei henretta i Bergen i 1302. Det finst ingen forklaring på kvifor han blei henretta, men utifrå straffa kan ein rekne med at det har vore eit omfattande brotsverk. Landbruket har alltid stått sterkt i Jølster, men etter Svartedauden på midten av 1300-talet var det knapt bønder igjen i bygda. På byrjinga av 1500-talet var her kun fire bønder, men dette tok seg etter kvart opp igjen. Frå gamalt av har Jølster vore eit knutepunkt mellom dei ulike regionane i fylket, noko kommunen endå er. Den Trondhjemske Postvei gjekk gjennom Jølster; frå Vassenden med båt over Jølstravatnet til Skei, veg til Førde i Jølster og båt derifrå over Breimsvatnet til Nordfjord. Vegen langs Jølstravatnet stod ferdig i 1858, og etterkvart tok bilen over som framkomstmiddel og båtrutene blei nedlagde.