Velkommen til Jølster
Fiske, rafting, bretur, golf, turløyper og kunst- og kulturtradisjonar. Dette er ein del av det vi i Jølster kan tilby deg. Vidare kan vi nemne vakker natur, rein luft og hyggelege menneske - kort sagt: Ein stad du vil trivast!
På nettsida vår finn du mykje av den informasjonen du treng om tilboda i Jølster. Ønskjer du meir informasjon utover dette, er du hjarteleg velkomen innom kontoret vårt.
Jølster kommune
Jølster kommune har omlag 3 000 innbyggjarar og er med si geografiske plassering eit knutepunkt mellom Sogn, Nordfjord og Sunnfjord. Kommunen har eit areal på 664 km2, og det tre mil lange Jølstravatnet er eit naturleg midtpunkt i kommunen. Landbruk er hovudnæringa, men det er også mange sysselsette innan andre næringar som t.d bygg og anlegg.